-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!Det foregår ei stor utvikling av tenestetilbodet innan helse og omsorg. Velferdsteknologi gir mange nye moglegheiter, og alle som blir gamle i Vang framover vil møte eit tenestetilbod der digitale hjelpemiddel også er ein del av pakka. Difor inviterer Vang kommune til informasjonsmøter slik at både seniorar, komande seniorar og pårørande kan bli kjent med utviklinga som skjer innan helse og omsorg.
Måndag 28. april blir det to like informasjonsmøter, kl. 13-15 og kl. 19-21, i kommunestyresalen på kommunehuset. Alle interesserte er velkomne! På agendaen står følgjande punkt:
- Elina Nesse og Svein Ove Blystad frå helse og omsorg viser stolt fram den nyaste teknologien innan våre tenester til innbyggjarane
- Gode råd og tips frå Valdres brann og redningstjeneste IKS
- Samarbeid med pårørande om å bu trygt heime; eit satsingsområde i framtida
- Kva moglegheiter (støtte) finst i Noreg til tilpassing av bustad
- Bli kjent med mogelege digitale løysingar i heimen
Kaffi og kake. Vel møtt! Helsing Arbeidsgruppa Levande Lokalsamfunn
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!