-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!Biblioteket og frivilligsentralen har igjen fått med superfrivillig Kine Kvannefoss til å arrangere klesbyttedag. Dette har vore ein stor suksess i to år på rad, og vi reknar med det blir like moro i år! Husflidslaget stiller med fixestasjon, og NålØye byr på suppe.
Frå starten av påske 12. april t.o.m. 25. april tek vi imot pene og reine klesplagg - maks 7 plagg pr. person. I bytte får du kupongar som du kan bruke på klesbyttedagen til å handle med. Du kan levere klede på biblioteket eller Joker Ryfoss.
Gratis kupongar
Om du vil donere alle eller nokon av kupongane dine, så samlar vi dei i ein bolle, og deler ut til dei som ikkje har noko å bytte bort. Så velkomen også til deg som ikkje har levert klede, det er garantert kupongar til overs som du kan få til å handle med!
Dei førre åra har det vore veldig mykje flotte dameklede, men litt lite til herre og barn. Vi oppmodar difor spesielt karar og foreldre til å ta ein gjennomgang i klesskåpa sine og sjå om dei har noko fint å bytte bort.
Klesbyttedagen er eit konsept frå Naturvernforbundet. Visste du at klesindustrien står for meir av verda sine klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman? Når vi byttar med kvarandre og bruker kleda lengre, reduserer vi utsleppa.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!