-
Trond-Viggo og Mari kickstarta kampanjen 55 + og like go'e
Det vart ein fullsett Vangshall, da Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson var invitert til å kick-starte kampanjen 55+ i Vang. Kveldens tema var "Resten av livet".
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?Torsdag 10. april inviterer Frivilligsentralen og fleire gode samarbeidspartnarar til idémyldringskveld på Mjøsvang kafé! Vi startar kl. 17 med gratis tacobuffet, og kl. 18-20.30 blir det organisert idémyldring.
Sjølv om det er eit rikt aktivitetstilbod i Vang er det fleire som saknar andre typer møteplassar med særleg fokus på å bli kjent, eller å ha det moro saman utanfor etablerte idretts- og kulturaktivitetar. Dette gjeld både nye vangsgjeldingar og folk som har budd her lenge eller heile livet, som ønskjer seg eit utvida nettverk. Bulyst og trivsel kan også handle om tiltak i den enkelte arbeidsplass, grend eller miljø. Difor inviterer vi no til ein idémyldringskveld der alle som er engasjert i dette kan bidra med sine innspel.
Idémyldringa vil foregå ved at dei frammøtte blir delt i grupper for å snakke om behovet, komme med idéar, og utvikle forslag. Dagleg leiar på Frivilligsentralen, Marte Tangen, leier forsamlinga gjennom kvelden.
Mange er engasjert i denne tematikken og vi trur det blir både morosamt og produktivt å samle alt engasjementet på ein plass, og utvikle nye forslag i fellesskap! For å beregne mat og planlegge kvelden ønskjer vi påmelding seinast dagen før til frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73. Velkomen skal du vere!
Del på:
-
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!
-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.