-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
Demensvennleg samfunn - kurs
Vang skal bli eit demensvennleg samfunn! Dette handlar om korleis folk blir møtt på butikken, hos frisøren, på bussen, i sangkoret, og på gata. Heile Vang må bidra om vi skal få dette til.Vi inviterer til kurs, slik at du får vite kva du skal sjå etter, og korleis du best kan forhalde deg om du møter nokon som har demens. Næringsliv og foreiningsliv er spesielt invitert, alle interesserte er velkomne. Alle kursdeltakarar får kursbevis.
Vi har kurs på tre ulike tidspunkt og plassar:
- Torsdag 30. januar kl 19:00 på Filefjellstuene
- Måndag 3. februar kl 09:00 på Vang Folkebibliotek
- Onsdag 5. februar kl 19:00 på Høre samfunnshus
Kurset tar ca ein time, og blir halde av Joanke Tito og Leif Solemsli, saman med resten av arbeidsgruppa. Meld deg på her:
Del på:
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!