-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
Generasjonstreff med babysang
Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.Her er alle velkomne til ei triveleg stund, i alle aldrar, både med og utan baby. Anne Lajord Belsheim leiar oss gjennom sangen, og det blir ei pause med kaffi og biteti. Velkomne!
Del på:
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.
-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!