-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.
Politikarpraten #6
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 11. november kl 16.30-17.30.Dette er eit initiativ frå kommunestyret i Vang, som ønskjer å vere meir tilgjengelege for innbyggjarane, og få innspel og diskusjon om aktuelle saker. Gruppeleiarane og ordføraren fortel at det av og til blir debattar i avisa og på facebook etter at eit politisk vedtak er fatta, og håper med dette tiltaket at innbyggjarane skal få meir innsyn i kva som rører seg i politikken, og legge til rette for at folk får ytre meiningane sine og stille spørsmål før kommunestyret behandlar sakane.
Saklista til kvart enkelt kommunestyre blir publisert på kommunen si nettside ei veke før kommunestyremøta. På biblioteket kan du også lese den i papirformat. Fleire av partia har sine gruppemøte rett etter Politikarpraten, og då vil dei kunne ta med seg innspela frå innbyggjarane dit. Du kan også kome med innspel om ting som ikkje står på saklista!
Alle er velkomne til Politikarpraten. Biblioteket og Frivilligsentralen byr på pizza til praten – om du har du lyst på ein bit så gi beskjed til biblioteket@vang.kommune.no før kl 12 same dag, slik at vi veit kor mange vi skal bestille til.
Representantane frå Bygdelista, Senterpartiet, Miljøpartiet dei grøne og Arbeiderpartiet ser fram til å samlast på biblioteket og håper mange tek turen for ein prat!

Del på:
-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!
-
Kickoff 55+ kampanje med Mari og Trond-Viggo
Vi kickstarter 55+ kampanjen med samtaleforedrag med Mari Garås Monsson og Trond-Viggo Torgersen i Vangshallen!
-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!