-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
Resultat frå årets TV-aksjon
TUSEN TAKK til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!! Det har vore fantastisk moro å sjå all bygginga og all anna aktivitet som så mange har deltatt i!!Her kjem ei oppsummering av årets aksjon:
- Byggekampanjen funka som ei kule. Vi satte ein makssum på kr 2.500,- pr bedrift, som vil seie at vi måtte ha 50 byggverk for å nå makssum. Heile Vang bidrog til at målet vart nådd med gooood margin – vi fikk inn over 120 byggverk!! Dette resulterte i 35.000 ,- frå dei 14 byggebedriftene som var med på kampanjen.
- Ein gjeng på Kontorfellesskapet 1724 gjennomførte ringedugnad som ga ytterlegare 48.219,- frå det øvrige næringslivet i Vang.
- Kommunehuset, Kontorfellesskapet 1724 og leiargruppa utdanning og kulturarrangerte vaffellunsjar som ga til saman 13.795,-
- VBU arrangerte FN-konsert der innteketene på 8.250,- gikk til TVA.
- 4 dyktige områdeleiarar og 26 bøssebærarar besøkte heile Vang og sørga for 80.567,- i bøssene (ink vipps).
- Vang kommune ga 10.000,-
- Samla vart summen frå Vang 225.560,- som gir oss ein flott 63. plass nasjonalt og 4. plass i Innlandet (i skrivande stund, det endrast framleis). Bidraget pr innbyggjer er til saman dobbelt så mykje som landsgjennomsnittet!
Her kan sjå givarar og utviklinga i Vang.
På den opne facebooksida vår kan de sjå på bilete av dei mange flotte byggverka.
- Takk til flinke områdeleiarar og bøssebærarar, og rause givarar på aksjonsdagen!
- Takk til alle vaffelsteikarar og vaffelspisarar!
- Takk til ringegjengen og eit raust næringsliv!
- Takk til årets komité for godt samarbeid!
- Takk til læringssenteret som klargjorde bøssene!
- Takk til Kristina som fortalte om årets aksjon på temakvelden!
Del på:
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!
-
Ny giv for kommunikasjon og bulyst i Vang
Mange har vore spente på kva som skjer med tanke på blest, inkludering og kommunikasjonsarbeid i Vang etter at Innovangsjon avvikla si drift før nyttår. Frivilligsentralen, kommunen, næringslivet og styret i Innovangsjon jobbar no med fleire ulike prosjekt som rører ved desse viktige emnene. Felles for dei alle er fokus på tilflytting og trivsel i bygda vår.
-
Digi-hjelp på Haukåsen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er tysdag 18. februar kl 12-13 på Haukåsen strikkekafé.