-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut prisen til årets positive vangsgjelding på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 4. desember. No kan du nominere din kandidat!Nytt av året er at dei innkomne forslaga skal behandlast av ein komité som består av Frivilligsentralen (leiar), ungdomsarbeidar (sekretær), og representantar frå ungdomsrådet, eldrerådet, idrettsrådet, musikkrådet og Vang utvikling. Dei vil levere si innstilling til formannskapet, som fattar den endelege avgjerda.
Retningslinene og ordlyden for positivprisen er også litt justert men innhaldet er om lag som før:
Positivprisen skal gå til enkeltpersonar, grupper eller lag og foreiningar heimehøyrande i Vang, som har gjort ein særleg innsats for bygda si. Kandidaten skal vere ein lagspelar som bidreg for fellesskapet. Kandidaten er eit godt forbilde som inspirerer og motiverer andre gjennom sitt engasjement for Vangssamfunnet.
Vi veit at det finst mange slike i Vang, og håpar folk no går inn og nominerer ein god sambygding!
Forslag skal leverast til Frivilligsentralen innan 3. november, via dette spørjeskjemaet:
Frivilligsentralen kan bistå med utfylling om nokon treng hjelp, då kan du kome innom i opningstida som er måndag, tysdag og onsdag kl 11-15, eller ringe 46 81 64 73.
Dei som har fått prisen tidlegare er:
2001 Sølvi Havro
2002 Dag Henning Bakkum
2003 Eli Vatn og Karl Philip Weisser
2004 Sigfred Hovda
2005 Ola Rogn Tveit
2006 Eirik Høyme Rogn
2007 Elisabeth Sparstad
2008 Alistair Peters
2009 Thomas Haalien, Arnfinn Kvam, Ola Lokreim, Odd Leithe, Ola Thune og Ivar Leine
2010 Nils Arne Thorpe
2011 Torstein Lerhol
2012 Ivar Jonny Søndrol
2013 Ragni Havro Almenning
2014 Tom Kjetil Tørstad
2015 Egil og Terje Karlsen
2016 Gerd Marken
2017 Magnor Wigdel
2018 Gudrun Gustavsen og Margrethe Ann Fagerheim.
2019 Odd Vidme
2020 Grindaheim rødekors hjelpekorps
2021 Belinda Wangensteen, Rune Wangensteen og Olav Bøland
2022 Anita Olafsen, Marius Ekeberg og Yvonne Mæland
2023 Vidar Eltun
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!