-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
Frivilligmarknad 2024
Vi gjentek suksessen frå 2022 og inviterer til storslått Frivilligmarknad i Vangshallen, laurdag 9. november kl 12-15!Frivillige lag inviterast til å vise seg fram i Vangshallen - og alle i Vang inviterast til å kome og sjå alle dei flotte aktivitetar ein kan delta på i Vang! Laga kan stå på stand, ha aktivitet som folk kan teste, vise seg fram med ein 'happening' iløpet av dagen osv. Det blir også sal av mat, og forhåpentlegvis mykje liv og røre! :)
Då vi arrangerte frivilligmarknad i 2022 vart det ein veldig morosam dag med 30 lag som stod på stand, ca 300 som var innom og mange gode møter mellom menneske. Her kan du lese om og sjå bilete frå frivilligmarknaden i 2022.
Denne gongen satsar vi på enno meir utprøving av ulike aktivitetar, og håpar laga vil invitere til at dei som vil kan få teste både fysiske og kulturelle tilbod.
Her er påmeldingsskjema for laga:
Frivilligmarknaden koordinerast av Frivilligsentralen, Folkehelsekoordinator og Ung i Vang.
Del på:
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.