-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Besøksvenkurs
Grindaheim Røde Kors besøksteneste og Vang frivilligsentral inviterar til Kurs for besøksvener, torsdag 24. oktober kl 16 - 19 på Vang folkebibliotek.Å dele av fritida si med ein som har utfordringar med å kome seg ut, kan gi begge to gode opplevingar.
Me har fått med oss ein god gjeng som har takka ja til å bli besøksven, og me har plass til enno fleir i teamet vårt!
Ingvild Spinn Skaarseth kjem frå Innlandet Røde Kors for å halde kurset, og me vil servere litt frukt og drikke. Inga Bøe blir med frå Grindaheim Røde Kors besøksteneste, og Inger K Tveit blir med frå Frivilligsentralen. Kurset er for både de som har tatt kurset før og de som ønskjer å bli med på noko nytt.
Påmelding innan fredag 18. oktober, til Frivilligsentralen: tlf 46 81 64 73 eller frivilligsentralen@vang.kommune.no
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!