-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!
TV-aksjonen 2024
Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen. Dei skal bygge familiehus ved dei store sjukehusa slik at barn med alvorleg sjukdom kan få vere saman med familien sin. Slik kan du delta i aksjonen i Vang:Bygg for barnekreftforeningen
Bygg eit hus i valfritt materiale, t.d. lego, pinner, treklossar, korthus, trehytte i skogen osv. Ta bilete av huset og send til 46 81 64 73 eller frivilligsentralen@vang.kommune.no innan 14. oktober. Alle bileta blir publisert på facebook, og for kvart byggverk gir byggebedriftene 50,- til TV-aksjonen. Vi har fått 14 bedrifter som sponsar kampanjen, det blir 700,- pr bygg! Så her er det berre for store og små i heile Vang å finne fram ønska materiale og sette i gang med bygginga! 😊
Desse sponsar byggekampanjen:
- Hemsing Maskin
- Ryfoss Betong
- Tveitabru bygg
- Montér Kvismo
- Vang grave- og transportservice
- Grindaheim bygg og restaurering
- Jotun Bygg
- Vang bygg
- TK-bygg
- Vang Rør
- Jevne Bygg
- Vang maskin
- Øye Bygg & Bo
- Elektromontasje
Byggebonanza på biblioteket
I haustferien set vi fram lego på biblioteket/frivilligsentralen slik at alle som vil kan få bygge.
Lag vaffellunsj
Engasjer arbeidsplassen din ved å lage vaffellunsj, og opprett ein spleis så alle sultne medarbeidarar kan vippse pengar for vaffelen til TV-aksjonen.
Temakveld
Onsdag 16. oktober kl 19 blir det temakveld i auditoriet på VBU, der du kan lære meir om årets aksjon. Temakvelden er ope for alle interesserte, og bøssebærarane blir spesielt invitert.
Marte Tangen på Frivilligsentralen presenterer årets aksjon og aktivitetar i Vang, og vi får eit innlegg frå Kristina Heensåsen, som er leiar i Barnekreftforeningen Innlandet. Enkel bevertning.
Bli bøssebærar!
Sundag 20. oktober er sjølve aksjonsdagen. Registrer deg som bøssebærar på tvaksjonen.no, eller ta kontakt med ein av våre flinke områdeleiarar: Aud Kvale (Øye) Anne Kari Tveit Søndrol (Vang) Sigrid Eggen (Åsvang) og Ingebjørg Høyne (Høre/Ryfoss)
Vi gler oss til å bidra til å sette lys på ei viktig sak, og håper heile Vang blir med på å skape ein flott aksjon i Vang!
Helsing kommunekomitéen:
- Jørand Ødegård Lunde, leiar
- Marte Tangen, koordinator
- Dag Inge Bruflot, næringskontakt
- Agata, skulekontakt
- Anne Kari Tveit Søndrol, fagkontakt
Del på:
-
Kickoff 55+ kampanje med Mari og Trond-Viggo
Vi kickstarter 55+ kampanjen med samtaleforedrag med Mari Garås Monsson og Trond-Viggo Torgersen i Vangshallen!
-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!