Samtale og minikonsert med Fay Wildhagen

Onsdag 9. oktober kl. 19:00 får vi storslått besøk når sjølvaste Fay Wildhagen kjem til Vang folkebibliotek for å spele nokre låtar og prate om livet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjerock, Vang Frivilligsentral og Vang Folkebibliotek.

Wildhagen har i 2024 endeleg kome med nytt album, og etter å ha spelt ein forrykande konsert på Vinjerock i sommar gler ho seg no til å møte Vangsgjeldingane i eit meir intimt format.  

Arbeidet med albumet «Let’s Keep It In the Family» har vore ein omfattande og lang prosess, men Wildhagen fortel at det var nødvendig, og at ho aldri før har vore så stolt av noko ho har laga. Musikaren, som vart kjent med albuma «Snow» (2015) og «Borders» (2018) meiner albumet ikkje kunne blitt til om ho ikkje hadde tort å kome i kontakt med seg sjølv. Resultatet viser ein leikenheit, musikalsk sjølvtillit og historieforteljing som vi ikkje har høyrt frå henne tidlegare.

Fay arrangerte alt i forkant, inviterte venene sine i studio, fortalte om låtane og bad dei spele slik dei ønskte. Ho beskriv prosessen som ein draum, kor ho har fått produsere og musisere som ho ville, og fått leike med venene sine undervegs. Slik ligg det også ei dobbel betydning i albumtittelen.

"Det handler om oppvekst og familie, men også om den vakre siden av å kunne skape sin egen familie gjennom musikk. Nå spiller hele familien på plata", smiler ho. 

Wildhagen har tilbrakt mykje tid i Vang dei siste åra, og vore open om korleis naturen og fjella i Valdres har hatt stor betydning for den nye plata. Difor er det ekstra stas å kunne invitere til intimkonsert nettopp her!

Før minikonserten får vi ei samtale med Wildhagen og Erlend Eggen frå Klimakultur. Eggen har det siste året mellom anna jobba med eit prosjekt om utenforskap i Valdres, i tillegg til at han deler Wildhagen sin kjærleik til naturen og musikken. 

Konserten er gratis, men vi oppmoder til å vippse valfritt beløp til Skeiv ungdom, som driv hjelpetenesta Ungdomstelefonen: #22792

Vil du sikre deg plass - meld deg på til frivilligsentralen@vang.kommune.no

Dørene opnar 18:30

2024 © Vang frivilligsentral