-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Digi-hjelp hausten 2024
Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar.Denne hausten kan du møte dei på følgjande plassar:
Måndag 16. september kl 11 - 13 på Sara`s Kafé
Torsdag 31. oktober på Mjøsvang kafé i høve Møteplassen som startar kl 14 - her krevst påmelding
Onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga
Ope for alle! Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag moglegheitene du får med meir digital kompetanse.
Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.
Du kan også få hjelp på biblioteket/frivilligsentralen i opningstid. Ved større utfordringar kontaktar vi ein av digi-vertane for oppfølging.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!