-
Trond-Viggo og Mari kickstarta kampanjen 55 + og like go'e
Det vart ein fullsett Vangshall, da Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson var invitert til å kick-starte kampanjen 55+ i Vang. Kveldens tema var "Resten av livet".
Nærtur: Hamaren
Ta på deg regnjakka og bli med, det blir nok litt nedbør men vi tar turen likevel!Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!
Tysdag 27. august kl 17.00 går turen til Hamaren, søraust for Ryfoss. Der vil Jon Hålien fortelje om husmannsplassen Hamaren, og lokale hoppstjerner mimrar over glansdagane i Skjeftisbakkin, som ligg like ved. Store sjansar for musikalske innslag i Berit på Pynte sin ånd!
Oppmøte/parkering: Tyinvegen 3300 og 3302 (Christoffer Kvien og Øyvind Strand Haugen).Derifrå er det ein god halvtimes vandring i skogsterreng.
Ta gjerne med kaffi og noko biteti om du vil.
Ved dårleg vêr; sjekk vang.frivilligsentral.no eller facebookeventet for oppdatert info.
Del på:
-
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!
-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.