-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
Møteplassen
Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar - torsdag 6. juni kl 15:00 på Mjøsvang kafé!- Nyutdanna sterk og stødig-instruktørar Bjørg og Gunnveig testar treningsopplegget, utandørs.
- Representantar frå administrasjon og politisk komité kjem for å få innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel kring emner som transport og mobilitet, boligutvikling og aldersvenleg samfunn.
- Felles middag: Kylling stroganoff med pommes frites og salat. Dessert: Dekonstruert lemon-kake med sitronis. Pris kr. 245,- per person.
- Allsang, leia av Elisabeth Myhre.
Påmelding seinast 3. juni til joanke.tito@vang.kommune.no // 95 40 42 79
Vi oppfordrar til felleskøyring. Har du ikkje skyss, ta kontakt med Joanke.
Del på:
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!