-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
Vesle-vinje 2024
Velkomne til den historiske premiera på Vesle-Vinje! Ein vaskekte barnefestival skipa av Vinjerock, Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral <3 Vesle-Vinje finn sted kring Vangstunet i Vang sentrum, 25. mai 2024 kl 11:30-16:00På Vesle-Vinje skal barna få smaken av Vinjerock, med eit program og innhald på deira premiss. Program for dagen:
11:30 Vesle-Vinje 2024 opnar dørene
11:30 Barnediskotek med DJ KoseLars (scena)
11:45 Skrangleband med Victoria Ose (grendebadstua)
11:45 Høgtlesning for dei største ungane (biblioteket)
12:00 Offisiell opning ved ordførar Jørand Ødegård Lunde og konferansier Ylva Solemsli (scena)
12:15 Embla and the Karidotters (scena)
13:00 Skrangleband med Victoria Ose (grendebadstua)
13:00 Høgtlesning for dei minste ungane (biblioteket)
13:30 "Ønskedrøm" improteater med Det Andre Teateret (scena)
14:00 Skrangleband med Victoria Ose (grendebadstua)
14:30 Familie-quiz med Marianne Riste (scena)
15:00 Barnediskotek med DJ KoseLars (scena)
15:30 Premieutdeling familie-quiz
Billettar:
Alle skal ha moglegheit til å delta på Vesle-Vinje. Difor vil billettane vere basert på “Betal-det-du-ynskjer” prinsippet. På festivalen vil de finne plakater med qr-kode for å vippse det de sjølv ynskjer for inngang.
Praktiske omsyn:
-Parkering skjer i Vang sentrum. Kan du ta beina, sykkelen eller bussen fatt oppmodar me til det.
-området vert ikkje inngjerda, og føresette har ansvar for eigne barn og barna dei tar med på festivalen
-Det er lov med medbrakt mat og drikke
-Arrangementet er sjølvsagt alkoholfritt
Arrangementet er støtta av Vang kommune og Valdres Sparebank.
Del på:
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!