-
Trond-Viggo og Mari kickstarta kampanjen 55 + og like go'e
Det vart ein fullsett Vangshall, da Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson var invitert til å kick-starte kampanjen 55+ i Vang. Kveldens tema var "Resten av livet".
Nærtur: Historisk vandring på Lerhol
Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!Torsdag 23. mai kl 18:00 møtast me øvst i vegen til Lerhol, Vennisvegen 380. Her kan du også parkere. Jon Lerhol tar oss med på ein guida rundtur, ca 1,5 time i roleg gange. Me stoppar ved fleire historiske stader, bl.a. husmannsplassen til Ola i Hærse. Avslutning i Riddarstøga og museet til Jon med samling av teknisk landbruksutstyr/reiskap, som veterantraktorar og Jobu motorsagsamling mm.
Ta gjerne med kaffi og noko biteti om du vil. Turen arrangerast i samarbeid med Vang historielag.
Oppdatering 23. mai: Det blir Nærtur: Historisk vandring på Lerhol i dag kl 18! Det kan kome nokre regndropar men det lar vi oss ikkje skremme av, kle dykk for vêret og vel møtt :)
Del på:
-
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!
-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.