-
Trond-Viggo og Mari kickstarta kampanjen 55 + og like go'e
Det vart ein fullsett Vangshall, da Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson var invitert til å kick-starte kampanjen 55+ i Vang. Kveldens tema var "Resten av livet".
Generasjonstreff med babysang
Torsdag 16. mai kl. 11-13 er det nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga, Vangsheimen.Denne våren arrangerer Frivilligsentalen, Kyrkja og Vangsheimen tre generasjonstreff med babysang, leia av Anne Lajord Belsheim. Vi har hatt to treff med små og store samla til song og ei triveleg stund. Etter endt babysong er det kaffi og noko godt å bite i. Neste treff er altså på Vangsheimen, og alle er velkomne!
Del på:
-
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!
-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.