-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.Kvelden byr på både felles program og gruppearbeid, der deltakarane kan jobbe med konkrete problemstillingar knytt til sine verv. Vi håper difor laga stiller med både leiar, kasserer og sekretær, og/eller andre engasjerte styremedlem.
Kurset har blitt til etter innspel frå vår styreleiar Kari Hagaseth som også sit som styreleiar i husflidslaget. Samstundes tok også nyvalt leiar i funkislaget, Derk Stegwee kontakt, og saman med Marte på frivilligsentralen har dei utforma eit program vi håper blir lærerikt og nyttig for både små og store lag i Vang:
- 18.00 – 18.45 Få sving på styrearbeidet
- 18.45 – 19.00 Rekruttering
- 19.00 – 19.15 Marknadsføring
- 19.15 – 19.30 Pause
- 19.30 – 20.30 Vi deler oss i arbeidsgrupper: Rekneskap, Marknadsføring, Formalitetstrøbbel og Dokumenthandtering
- 20.30 - 21.00 Felles oppsummering
Det er mogeleg å bli med på delar av kvelden om det er noko som fenger meir enn anna. Vi legg opp til at laga deler erfaringar med kvarandre, så vi håper både ferske og erfarne styremedlem tek turen!
For å få til eit best mogeleg kurs vil vi kartlegge litt i forkant, og ber difor laga svare på 6 kjappe spørsmål:
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!