-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
Generasjonstreff med babysang
Torsdag 21. mars kl 11 er det tid for eit nytt generasjonstreff med babysang, denne gongen på biblioteket.Denne våren arrangerer Vang Frivilligsental, Kyrkja i Vang og Vangsheimen tre generasjonstreff med babysang, leia av Anne Lajord Belsheim. I januar var det fyrste treffet i Fjorstøga på Vangsheimen, med små og store samla til song og ei triveleg stund. Etter endt babysong var det kaffi og noko godt å bite i. Det vart latter og store smil, og det såg ut til at alle oppmøtte koste seg!
Neste treff er altså på biblioteket, og alle er velkomne!
Del på:
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.