-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Frivilligkoordinatoren er tilsett
Vi er veldig glade for å ha tilsett Inger Kongslien Tveit i 50% fast stilling som frivilligkoordinator ved Frivilligsentralen!Inger har vore tilsett hos oss gjennom prosjektet Aktive saman og seinare vidareføring/utviding av prosjektet. Inger har mykje erfaring med både integreringsarbeid, kontor, barn og unge, seniorressursen og ikkje minst frivilligheit, og ho har vist kor mykje vi kan få til når vi er fleire med ulik kompetanse og nettverk som trekker lasset saman. Vi ser fram til å fortsette i det gode sporet vi har starta, i tett samarbeid med både frivilligheita og på tvers av alle kommunale etatar!
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!