-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Digikafé
Velkomen til ein ny sesong med digi-kafé på Vang folkebibliotek! Her kan du bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdage moglegheitene du får med meir digital kompetanse.Vi har to digi-kafear gåande:
Kvar måndag utanom skuleferiar, kl 16 – 18, sit tre ungdommar klare for å hjelpe deg med kva som helst du måtte lure på; Olav van Leuween, Oskar Solemsli og Lene Berge.
Og ein onsdag i månaden, kl 12 – 14, er det våre frivillige digi-vertar som stiller opp. Boye Thorpe, Derk Stegwee, Svein-Ove Blystad og Håkon Berge er nokon av dei du kan møte på her. Dei har planlagt aktuelle emner, men du kan framleis møte opp med andre utfordringar du har og få hjelp! Datoane og emnene for vårhalvåret er som følgjer:
10.1: Endre skattekort, reiseregning pasientreiser, bank-ID/kodebrikke
7.2: Kjøp riktig digitalt utstyr
6.3: Nettbank
3.4: Skattemelding
8.5: Digitalt demokrati på frigjeringsdagen!
5.6: Etter ønske
Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Vi byr på kaffi, te og kjeks. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.
Digi-kafé er eit samarbeid mellom Vang kommune v/ Leva heile livet, Vang frivilligsentral, og Vang folkebibliotek.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!