-
Trond-Viggo og Mari kickstarta kampanjen 55 + og like go'e
Det vart ein fullsett Vangshall, da Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson var invitert til å kick-starte kampanjen 55+ i Vang. Kveldens tema var "Resten av livet".
Frivilligmagasinet er ferdig!
Rykande ferskt frå trykkeriet er no Frivilligmagasinet på veg ut i postkassa til alle i Vang :)- Dette er jammen stas! Me gler oss til at alle skal få sjå magasinet, lese om dei fine laga i Vang og bli betre kjent med kva slags tilbod som finst i bygda vår, smiler Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad.
Saman med Marte Tangen hjå Vang frivilligsentral, har dei to etter lang tid med arbeid, intervjuer, skriblerier, fotoredigering og god hjelp av - laga eit magasin om frivillige lag og organisasjonar i Vang. No er kasse på kasse med nytrykte magasiner på veg ut i alle postkasser i bygda!
- Det har vore utruleg givande å reise rundt og intervjue laga dei siste to åra. Magasinet gir eit godt innblikk i det varierte tilbodet som finst i bygda, og kva både dei frivillige og deltakarane får igjen for å engasjere seg. Det viser verkeleg at frivilligheita er til glede for alle som tar del i den! Og så er vi veldig glade for at vi klarte å få det ferdig og ut i postkassene no, slik at alle kan kose seg med godt lesestoff i julehøgtida, smiler Tangen.
Tusen takk til dei flinke frivillige som kjøyrer ut både Vang menighetsblad og Frivilligmagasinet :)
Her kan du sjå magasinet (For best mogeleg visning: trykk på 'sidevisning', velg 'tosidig' og 'vis forside separat')
Del på:
-
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!
-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.