-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
BOKKVELD med utdeling av positivprisen
Onsdag 6. desember kl. 19 inviterer vi til den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkbibliotek!Før ordførar Jørand Ødegård Lunde deler ut prisen for årets positive vangsgjelding, får du i år eit foredrag om småbruksdrømmen av Tor-Evert Grøndal.
Tor-Evert, kjent frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", tok i 2018 steget ut frå bylivet og flytte opp i Øvre Brekkebakkadn. For ei god veke sidan gav han ut boka "Småbruksdrømmen". Her fortel han om kva han har vore gjennom på godt og vondt. Kva er det vi eigentleg lengtar etter, når vi lengtar etter det gode liv på landet?
Jørgen Andrisson Kvam underheld med felespel
Norli Fagernes kjem med eit godt utvalg bøker til sals - her kan du gjere noko av julehandelen, om du vil!
Enkel servering. Velkomen!
Vi har sjølvsagt boka til Tor-Evert på biblioteket. Du kan få lånt den hjå oss, eller kjøpt den på bokkvelden eller andre stader. Her kan du lese meir om boka: https://www.friskforlag.no/produkt/smabruksdrommen/…
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!