-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Leva heile livet: Felles middag og aktivitetar
Torsdag 26. oktober kl. 14.00 gjentek vi suksessen med felles middag og aktivitetar på Tyinkrysset fjellstue!Vi har hatt to slike treff til no, og dette har vore veldig triveleg. Dei første to treffa var det ein del informasjon frå Leva heile livet, denne gongen blir det enno meir tid til prat og sosialt samver.
Program:
- Vår nye ordførar ynskjer velkommen
- Quiz
- Aktivitet inne eller ute
- Introduksjon om sirkeltrening med Helene Hauge
- Felles middag (ca. 15.30): Langtidskokt oksegryte med husets potetstappe og grønnsaker. Lun eplekake med hausteple frå Vang og vaniljeis, Kaffe. Kr. 299,- pr. pers.
Påmelding innan 24. oktober til Joanke Tito på 95404279 eller joanke.tito@vang.kommune.no
Vi oppfordrar til felleskøyring. Har du ingen skyss, ta kontakt med Joanke
Helsing Vang kommune v prosjektgruppa Leva heile livet, Vang frivilligsentral, og Tyinkrysset fjellstue
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!