-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
TV-aksjonen 2023
Årets aksjon går til Redd barna sitt arbeid med å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt. Aksjonen går av stabelen sundag 22. oktober.Vi har to opne arrangement i Vang i høve aksjonen:
Aktivitetsdag, fredag 13. oktober kl 10-12 utanfor VBU
Bli med å leike for TV-aksjon! Frivilligsentralen, BUA og SFO inviterer til leik og moro med disc-golf, kubb, slakkline, slengtau, hoppetau og kjempemikado. Vi byr på pølser i brød, saft og kaffi. Alle er velkomne, kom gjerne ungar og vaksne saman!
Temakveld, onsdag 18. oktober kl 19 på Vang folkebibliotek
450 millionar barn veks opp i krig og konflikt, og det har aldri vore så mange barn på flukt i verda som i dag. Vi har alle vore barn, og vi veit at det ikkje er slik ein barndom skal være. For barn er først og fremst barn. Ikkje krigens barn. Ikkje flyktningbarn. Men barn med eigne tankar, følelsar og fantasi. Velkomen til temakveld for å høyre meir om kva årets aksjon handlar om.
I tillegg blir det ringedugnad onsdag 18. oktober kl 12-14, for næringslivet i heile Valdres.
Vil du engasjere deg?
Bli bøssebærar! Bli med på årets viktigaste sundagstur <3 Registrer deg på tvaksjonen.no eller kontakt frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73
Arranger vaffellunsj på arbeidsplassen, lag ei digital bøsse på spleis.no, eller finn på noko anna artig. Spør frivilligsentralen om du vil låne t-skjorte eller har idear du vil drøfte. Bruk gjerne #tvaksjonen2023 for deling i sosiale media.
Saman bidreg vi til å la barn leve i fred. Gi dei pusterom til å vere barn. Til å leike og lære i tryggheit. Støtt årets TV-aksjon og hjelp barn som er ramma av krig og konflikt!
Helsing kommunekomitèen
Vidar Eltun, leiar
Dag Inge Bruflot, næringskontakt
Ola Erik Heen, skulekontakt
Iryna Medvid, fagkontakt
Marte Tangen, koordinator
Del på:
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!