-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Generasjonstreff i høve Verdensdagen for psykisk helse
Tysdag 10. oktober kl 13 ønskjer vi velkomen til generasjonstreff med kaffi, saft og kake, spel og leiker, og triveleg samvêr på Vang folkebibliotekVi treng alle å høyre til. 10. oktober markerast Verdensdagen for psykisk helse, og tema i år er #lagplass. Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og helseavdelinga i Vang kommune inviterer til generasjonstreff, og håper mange tek turen denne formiddagen for triveleg samvêr på biblioteket.
Skulestartarane frå Fredheim barnehage kjem, pensjonistlaget er invitert, og alle der i mellom er velkomne. Biblioteket har ein god bunke med spel, og splitter nye leiker! Dette blir satt fram til fritt bruk, og dei som berre vil skravle, står fritt til det.
Tre tips for god mental helse: 1. Gjer noko aktivt, 2. Gjer noko saman, og 3. Gjer noko meiningsfullt. I Vang er det mange moglegheiter til dette, og saman jobbar vi for at fleir skal finne vegen inn i gode fellesskap!

Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!