-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
BOREAL MIS-FIGUR
Kunstutvalet ynskjer velkomen til haustutstilling med Gerd Wevling Matre, Fredag 29. september kl. 18.00-19.00 på Vang folkebibliotekWevling Matre jobbar mykje med tre, både skulpturar, installasjonar og bilete. Ho har ei sterk tilknytning til natur og dyr, og det er nettopp samspelet mellom menneske, natur og dyr som står i fokus i kunsten hennar. «Det er noe med spor av levd liv som jeg er opptatt av, og alt man pådrar seg underveis. Fysisk og psykisk. I mennesker, i naturen, i virke, uansett hvor jeg går. Det er en del av vår kulturhistorie.»
Sjølv driv ho ein økologisk gard med sau. Sauene gneg på trestammar og kvist. Ein kan sjå spor av tenner, ei særeige overflate har vekse til. Dette råmaterialet blir så eit utgangspunkt for mange av verka. Wevling Matre bur i Sarpsborg, og jobbar ved atelierfellesskapet Hylla på Hydrogenfabrikken i Fredrikstad. Kunsten hennar er blant anna innkjøpt av Oslo kommunes kunstsamlinger og Sørlandet kunstmuseum.
På opninga vil vi også få høyre Ole Kristian Nyhagen spele på både bukkehorn og lur! Nyhagen kjem fra Bagn, er ein allsidig musikar. Dei siste åra har han spelt mykje folkemusikk.
Obs! I år er opninga på ein fredag kveld! Fredag 29. september kl. 18.00-19.00. Kunstnaren er tilstades og vil gje ein artist talk. Enkel servering.
Utstillinga blir ståande ut oktober.
Design av plakat: Ingrid Wigdel. www.ingridesign.no
Kunstutvalet i Vang
v/Marianne Isachsen
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!