-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Nærtur: Kongevegen i Øye
Onsdag 4. oktober kl 17:00Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!
Vår andre nærtur startar på parkeringsplassen ved Krokasvingen i Øye, og Oddbjørn Skeie er med som guide. Vi går langs kongevegen oppom Snøyudn, og endar på Låvemuseet på Hermundstadhaugen der vi får omvisning av Aud Kvale. Turen byr på nokon gode motbakkar, men vi held eit roleg tempo som skal passe for dei fleste. Vang turlag stiller som medarrangør på denne turen.
Ved dårleg vêr; sjekk vang.frivilligsentral.no for oppdatert info.
Her ser du oppmøtepunktet Krokasvingen:

Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!