-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
Digi-kafé
Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!Framover blir det to ulike tilbod om digi-kafé på Vang folkebibliotek, ope for alle:
- Kvar måndag utanom skuleferiar kl 16 – 18, med ungdom som digi-vertar. Her blir det drop in - spør om hjelp til kva du måtte ønskje! Ungdommane du vil møte desse ettermiddagane er Olav van Leeuwen, Oskar Solemsli og Lene Berge.
- Første onsdag i månaden kl 12 – 14, med frivillige digi-vertar. Boye Thorpe, Håkon Berge, Derk Stegwee, Svein Ove Blystad er blant dei som sit klare til å hjelpe deg desse onsdagane. Her blir det tema, (men dei frivillige kan nok hjelpe deg med andre digitale utfordringar også) :
- 4.10: Mobiltelefon
- 1.11: UTÅREISE - billettbestilling på nett
- 6.12: E-post
Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Vi byr på kaffi, te og kjeks. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.
Vi inviterer til kick-off måndag 25. september kl 16: kom og bli kjent med digivertane!
Digi-kafé er eit samarbeid mellom Vang kommune/Leve heile livet, Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek.
Del på:
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!