-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Nærtur: Nørsvinsfjorden
Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar! Torsdag 7. september kl 17:00 går turen til Nørsvinsfjorden.Tore Hovda tek oss med på nærtur med historisk sus! Oppmøte hjå Tore; Hensåsvegen 40.
Vi går forbi Blåsarhaugen, vidare til Skjetvike, Trøllhus, Høvdan og tilbake forbi Nørsvin. Runda er ca 3,5 km lang, stort sett på skogsveg og noko på stig. Vi held eit roleg tempo som skal passe for dei fleste. Ta med deg kaffi og biteti om du vil, det blir ein rast på Høvdae.
Ved dårleg vêr; sjekk vang.frivilligsentral.no for oppdatert info.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!