-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Lokalvalsdebatt
I september skal vi stemme inn kven som skal styre Vang den neste fireårsperioden. Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og Avisa Valdres inviterer til Lokalvalsdebatt på Vang folkebibliotek, onsdag 30. august 19:00 – 21:00I år er det lokalvalsdebatt i alle valdreskommunane. – Å samarbeide med folkebiblioteka var naturleg for oss. Folkebiblioteka er gode samlingsplassar i bygda, som sosiale møtestader og ein stad for kunnskap og opplysning, og dei har erfaring med arrangement. Vi er svært glade for at me får til å arrangere totalt seks debattar saman med biblioteka, seier Hilde Havro frå avisa Valdres. Ho leiar debatten i Vang saman med Knut Aastad Bråten.
Partia har sendt inn ønskjer til emne, og debattleiarane jobbar no med å utforme spørsmål og program for kvelden. Det er fem parti som stiller til val i Vang i år:
- Arbeiderpartiet
- Senterpartiet
- Bygdelista i Vang
- Miljøpartiet dei grøne
- Raudt
Vi reknar med fullt hus på biblioteket denne kvelden, og skal gjere vårt beste for at alle frammøtte skal få høyre det som blir sagt. Debatten vil også bli streama på facebookeventet, som er ope for alle, med eller utan facebookprofil: https://www.facebook.com/events/299224652451484
Velkomen til debatt!
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!