-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Den store klesbyttedagen
Laurdag 22. april kl 10-14 inviterer vi til den store klesbyttedagen! Har du nokon plagg du vil bytte bort??Den store klesbyttedagen er ein nasjonal dag, og arrangerast fleire plassar i landet den 22. april. I Vang er det Ryfoss treningssenter, Vang folkebibliotek og Frivilligsentralen som har gått saman om å arrangere byttedagen, frå 10.00-14.00 laurdag 22. april.
Fram til fredag 21. april tek både vi på biblioteket i mot klede, og Kine tek i mot på frisørsalongen i Ryfoss. Det er mogleg å levere maks sju plagg, og for kvart plagg levert får du ein kupongar å handle for på sjølve byttedagen.
Om ein berre vil gje frå seg klede og ikkje vil ha kupongar i retur, vil kupongane bli gitt bort til dei som vil ‘handle’ men som ikkje har noko å bytte inn.
Les meir i Innovangsjon sin nyheitssak. Der kan du også sjå at det er fleir arrangement i Vang i same ånd dei neste vekene!
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!