-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
BUA 2 år
I februar er det 2 år sidan BUA Vang opna! Dette feirar vi torsdag 23. februar kl 15-18 med utvida opningstid, pølse på bålpanna og kake i BUA. Ei real kakebu der altså ;)Har du aldri vore i BUA før er dette eit godt høve til å kome innom og sjå kva vi har slags utstyr, eller få hjelp til å opprette ein brukarkonto. Vi har masse ting til både leik, sport og friluftsliv, og tilbodet er ope for absolutt alle.
Vi har fleire nye artiklar av året, visste du til dømes at vi er den første BUA-en i landet som har badstutelt?? :D
Om du er ny og vil registrere deg må du ta med legitimasjon og mobiltelefon. Du må også ha epostkonto. Det er berre personar over 18 som kan registrere seg som lånarar, men barn og ungdom kan leggast til som medlånarar slik at dei kan kome og låne på eigenhand.
BUA Vang finn du mellom Drengestøga og Vangsheimen. Her kan du låne friluftsutstyr heilt gratis!
Normalt har vi ope tysdagar og torsdagar kl 15-16.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!