-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Evaluering av frivilligsentralen
Vi fyller 10 år, og i det høve ønskjer vi å finne ut: kva posisjon har frivilligsentralen i Vang pr i dag? Og kva vi bør satse på framover for å oppnå vårt hovudmål og vår visjon?Vang frivilligsentral skal vere drivkraft for frivillig verksemd i Vang, med visjonen saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn. Korleis lever vi opp til dette?
Evalueringa vil bli presentert i kommunestyret i mai. Der er det spesifikt bestilt ei evaluering av BUA etter 2 års drift, då dette var bestemt ved etablering. Å evaluere frivilligsentralen i sin heilskap har styret sjølv bestemt.
Vi evaluerer drifta gjennom 3 målgrupper og metoder:
- Innbyggjarane generelt - Frivillige har gjennomført 6 gjestebod rundt omkring i kommunen.
- Frivillige - vi skal intervjue alle faste frivillige ved frivilligsentralen.
- Frivillige lag - vi ber alle frivillige lag fyller ut dette spørjeskjemaet:
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!