-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Vi søker AlleMed-koordinator!
Har du eit hjarte for inkludering av barn og unge? Søk på denne spanande stillinga!AlleMed-koordinatoren vil få ansvar for BUA Vang. Ansvaret inneber å administrere den daglege drifta, marknadsføre tilbodet og skape aktivitetar med aktuelle målgrupper.
I tillegg skal AlleMed-koordinatoren følgje opp arbeidsmetoden aktive saman som er satt i verk det siste året. Denne går ut på å koble frivillige opp mot barn og unge som ønskjer hjelp til å kunne delta i ein sjølvvalt fritidsaktivitet.
Her finn du annonsa
Søknadsfrist er 16. oktober. Del gjerne annonsa med andre du tenkjer kan vere gode kandidatar!
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!