-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
Hyttebygging i framtidas Vang
Avisa Valdres sin debattserie 'Hytteparadokset' satte i gong diskusjonar om dei ulike sidene ved hyttebygging i Valdres. Også nasjonalt har det blitt mykje fokus på temaet, og no ønskjer vi å løfte diskusjonen i Vang. Velkomen til samtaler og debatt på Vang folkebibliotek onsdag 8. juni kl 19!Vi spør oss;
* Er hyttetomter ein utømmeleg ressurs - korleis ser vi på arealbruk og næringsutvikling i eit langsiktig perspektiv?
* Kva må vi ta med oss i planlegginga av framtidas hyttebygging?
Fredensborg Fritid presenterer sine tankar om utviklinga på Filefjell, det blir samtaler med grunneigar Torstein Grøv, koordinator i Forum for natur og friluft Innlandet Morten Aas, og kanskje fleir, før våre lokale politikarar rundar av kvelden med ein paneldebatt.
Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i Avisa Valdres leiar samtalene og debatten.
Foto: Tor Harald Skogheim
Del på:
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.