-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Saltmannvegen
Torsdag 31. mars kl 19.30 inviterer Vang historielag i samarbeid med Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek til foredrag med Ragnar Eltun om Saltmannvegen over Filefjell.Ragnar har registrer 180 varder og merker som syner vegleia som vart nytta i fleire hundre år, og før Kongevegen vart bygd. Ragnar har vore grepa nøye, og registrert alt med bilder og GPS-koordinater.
«Det er uvisst kor langt tilbake i tid denne vegen er nytta, mykje tyder på at han har vore i bruk i fleire hundre år. Ragnar har funne svært gamle hestesko etter leia, og tufter syner stor aktivitet langs vegen. Dette er eit foredrag som alle bør få med seg» seier leiar i historielaget Tore hovda, «vi gler oss til ei spanande historie!»
I forkant av foredraget held historielaget sitt årsmøte, kl 19. Vanlege årsmøtesaker. Velkomne skal de vere.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!