-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Temakveld om demens
- korleis kjenne att symptoma? Måndag 28. mars kl 18.30 på Vang folkebibliotekVi håper å nå ut både til deg som er pårørande til nokon med demens, og til alle som ønskjer å blir meir kjent med diagnosa. Demens er ein folkesjukdom som det er forventa skal doble seg i åra framover, og difor er det viktig å auke kunnskapen om sjukdommen i befolkninga.
Vi får digitalt besøk av Bjørn Lichtwarck som er spesiallege ved alderspsykiatrisk avdeling på Sanderud, Sykehuset Innlandet, og forskar på demens og åtferdsutfordringar. I tillegg vil Joanke Tito orientere om hukommelses-teamet i Vang og våre tenester i kommunen. Det blir høve til å stille spørsmål både til Bjørn og Joanke.
Vi ønskjer påmelding til Vang kommune på tlf 61 36 94 00 innan 24. mars. Velkomne til temakveld!
Dette er ein av fleire temakveldar som er planlagt i samarbeid mellom helse- og omsorgsetaten og frivilligsentralen.

Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!