-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Nye tider i BUA
Frå januar 2022 er det nye rutiner i BUA. Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73 for å avtale utlån, så møter Mona eller Marte deg i BUA til avtalt tidspunkt. Vi kan også vere behjelpelege med å frakte utstyret til andre hentepunkt om du ikkje har høve til å kome til BUA.I tillegg har vi ope for drop-in kvar tysdag kl 15-16. Utstyr frå BUA kan du som hovudregel låne i ei veke av gongen. Vi har både ski, pulk, akeutstyr, turskøyter, truger, sekkar, takke, primus, bålpanne, spel og mykje meir til friluftsliv, sport, leik og moro!
Aktivitetsdagar
Enkelte tysdagar vil vi også ha utvida opningstid med aktivitet og kanskje litt servering. Då kan vi teste og leike med BUA-leikane, fyre bålpanna, eller steike lappar på takka. Kanskje du har forslag til aktivitetar, eller vil hjelpe til?
Kven kan låne?
Alle som bur i Norge kan låne i BUA! Det må vere ein ansvarleg låntakar over 18 år, men som forelder kan du gjere ungane dine til medlånarar om dei skal kunne låne på eigenhand. Dette registrerer du når du opprettar ein brukar, eller vi hjelper deg.
Ikkje ver redd for å spørje – på frivilligsentralen får du hjelp! Vi vil veldig gjerne låne ut utstyret vårt, så vi blir veldig glade om du tar kontakt! Utstyret er kjøpt for å bli brukt – vi vil gjerne at så mange som mogeleg skal få nytte seg av dette flotte tilbodetJ
Her kan du opprette brukar, og sjå alt det flotte utstyret vårt: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-vang
Skøyter i Ryfoss
BUA finn du mellom Drengestøga og Vangsheimen i Vang sentrum. Men denne vinteren finn du også ein liten satellitt på Joker i Ryfoss – der har vi nemleg fått lov til å låne ut skøyter på vegne av VBU! Dette er eit tillitsbasert utlån kor du sjølv skriv opp i ei bok kven du er og kva du har lånt. Vi er veldig glade for å kunne låne ut desse skøytene, spesielt no når Høre/Ryfoss IL har laga is i ballbingen i Ryfoss, og Fjellblom IL har kjøpt hockeykøller og mål til bruk på Laglim.
Desse skøytene ønskjer vi at blir levert inn same dag/dagen etter lånet, slik at flest mogeleg kan bruke dei når det er skøyteforhold. Dette blir ei prøveordning, og vi håper lånarane viser seg tilliten verdig og følgjer dei rutinene som blir skissert, slik at denne ordninga fungerer og kan halde fram.
All bruk er på eige ansvar – så ver forsiktig, både med utstyret og deg sjølv!

Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!