-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
Hausten er spikra!
Velkomen til ein ny haust med mykje spanande på programmet!Haustens program på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral sparkast i gong med ein heidundrande litteraturfest, som biblioteket arrangerer i samarbeid med dei andre Valdresbiblioteka. Eit rikhaldig program, der litteraturen står i fokus, gjennom dei komande tre vekene.
Etter litteraturfesten har vi gleda av å vere med på to samarbeidsprosjekt. Først ut er Hausttakkefesten som Vinjerock arrangerer, med lokalmatmarknad, foredrag og aktivitetar 25. september utanfor og inne i biblioteket. 8. oktober inviterer Frisklivssentralen til markering av Verdensdagen for psykisk helse.
I haustferien blir det aktivitetar av ymse slag, og veka etter vil vi også sette fokus på leiken. Då ladar vi nemleg opp til årets TV-aksjon, der tema er Barn, ikkje brud. Årets haustutstilling byr på eit gjensyn med fotograf Erling Sand, som gjesta Vang for nokre år sidan til stor begeistring. Også Trio Gyllensvärd kjem tilbake med sin vakre musikk.
Sist på hausten byr vi på vinkingblot (hjelpesmeg), eit slags foredrag med Ragnhild Lund og Jon Heimlid, før vi avsluttar med den tradisjonsrike bokkvelden med utdeling av årets positivpris.
Nytt blant dei faste aktivitetane er at Oddbjørn Skeie inviterer til samspel på gitar kvar måndag kl 15. Her kan du kome om du vil lære deg å spele, eller jamme saman med andre. Teiknekollektivet held fram med sine teiknekveldar, annankvar måndagskveld. Tysdagar blir det både lekseklubb og strikkekafé, og frå oktober satsar vi på å dra i gang både datakafé og språkkafé – om vi klarer å rekruttere ein gjeng med frivillige. Kanskje du vil bidra??
Vi har framleis plassrestriksjonar, så om du vil sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på. Heile programmet kan du laste ned her – og meir informasjon om det enkelte arrangement finn du på nettsidene våre etter kvart som det nærmar seg.
Del på:
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!
-
Ny giv for kommunikasjon og bulyst i Vang
Mange har vore spente på kva som skjer med tanke på blest, inkludering og kommunikasjonsarbeid i Vang etter at Innovangsjon avvikla si drift før nyttår. Frivilligsentralen, kommunen, næringslivet og styret i Innovangsjon jobbar no med fleire ulike prosjekt som rører ved desse viktige emnene. Felles for dei alle er fokus på tilflytting og trivsel i bygda vår.
-
Digi-hjelp på Haukåsen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er tysdag 18. februar kl 12-13 på Haukåsen strikkekafé.