-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
Frivilligsentralen er open igjen
Ferien er over, og frivilligsentralen er igjen open som normalt.Det vil si måndag, tysdag og onsdag kl 11-15. Vi har ope for ærend, så du er hjarteleg velkomen innom for å låne bøker (sjølvbetent), lese aviser, studere, bruke PC/printer/scanner osv. Hugs på meter'n og å vaske henda.
I tillegg er Marte igjen vikar for Are i BUA, og blir å finne der på tysdagar og torsdagar kl 15-18. Kom gjerne innom for å låne - Her kan du sjå alt det fine utstyret vi har :)
Har du forresten vore innom biblioteket sitt boksal i galleriet? Der finn du lassevis med flotte bøker til ein billig penge! :D Biblioteket har ope som normalt måndag/tysdag 15-19, onsdag 10-16, fredag 12-16 og laurdag 11-16.
Del på:
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!