-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
SommarFritidsKlubb 2021
Her kan du melde deg på årets SommarFritidsKlubb!Det blir klubb alle kvardagar dei tre første vekene etter skuleslutt, kl 11-15.
Klubben er for ungar født i 2013 eller tidlegare.
Oppmøte ved Vang folkebibliotek, vi kjem til å vere både inne og ute. Klubbleiar: Julie Holmvik
Den første veka er eit samarbeid med Vang læringssenter, og her kan også foreldre bli med! Då blir det fokus på friluftsliv og uteleik for heile familien.
Også i år treng vi påmelding. Du kan melde deg på ein eller fleire veker. Det er avgrensa plassar. Etter fristen gir deg beskjed om kva for veker du får plass. Påmeldingsfrist: 14. juni.
Fyll ut skjemaet under. Har du spørsmål? Kontakt Marte på frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73, eller kom innom på Frivilligsentralen.
Del på:
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!