-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
Vårprogrammet 2021 er lansert!
Denne våren er det utfordrande å vite kva vi kan gjennomføre. Difor presenterer vi våre faste aktivitetar, samt nokre av arrangementa vi ønskjer å få til - men der ikkje alle datoar er spikra.Her kan du laste ned vårprogrammet 2021
Nytt av året er ein datakafé, som vi startar opp måndagar etter vinterferien. Her blir det ulike tema, og vi skal gjere vårt beste for å hjelpe deg med alle mogelege digitale utfordringar du måtte ha.
Vi startar også opp eit teiknekollektiv, sparka i gang med ein teikneseriekveld – for vaksne. I tillegg held vi på dei opne måndagslunsjane våre, Niste med noko attåt, og norsktimen med Elisabeth Sparstad og lekseklubben er allereie godt i gang.
Pr no kan vi samle opp til 10 personar. Vi har planar om å gjennomføre både vinterferieaktivitetar, ein konsert med Trio Gyllesvärd, eit verkstad for debattleiing og fleire litt større arrangement utpå våren, men det må vi vurdere fortløpande ettersom korleis smittevernreglane endrar seg. Krimtips til påske skal de uansett få, fysisk eller digitalt, og litt sykkelmekking i friluft reknar vi med går i orden.
På arrangementa vil det vere avgrensa plassar. Vil du sikre deg plass: meld deg på til biblioteket eller frivilligsentralen. Velkomen skal du vere!
Kontaktinfo biblioteket:
61 36 94 26 // biblioteket@vang.kommune.no
Kontaktinfo frivilligsentralen:
61 36 94 25 // 46 81 64 73 // frivilligsentralen@vang.kommune.no
Del på:
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!