-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
BUA er no ope!
I BUA kan du låne ski, truger, akematter, bålpanne, telt, soveposar - og ein masse andre ting til friluftsliv, sport og leik. Heilt gratis!BUA Vang ligg mellom Drengestøga og Vangsheimen. Vi har ope tysdagar og torsdagar kl 15 - 18. Kom innom for drop-in-lån, eller reserver på førehand. Etterkvart vil du også kunne hente/levere utstyr du har reservert på biblioteket.
Du kan sjå alt utstyret vårt på bua.io/bua-vang
For å låne må du opprette ein profil på nettsida. Alle over 18 år kan opprette ein profil, og legge til sine ungar som medlånarar slik at dei kan låne sjølv i BUA.
Du når oss på 46 81 64 73 // frivilligsentralen@vang.kommune.no Følg oss også gjerne på facebook.com/buavangivaldres
BUA Vang er eigd av Vang kommune. I tillegg til eigne midlar har vi fått 100.000 frå Sparebankstiftelsen DNB.
Del på:
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.