-
Digi-hjelp på Onsdagskaféen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga.
BUA-generalen er på plass!
Nytilflytta vangsgjelding Are Flaten har tatt fatt på jobben som medarbeidar i frivilligsentralen i 20% stilling. Han gler seg til januar, når han kan opne dørene i BUA Vang!-Eg gler meg veldig til å opne, det blir stas å låne ut friluftsutstyr og hjelpe folk ut i aktivitet. Eg likar å jobbe med folk, og kunne tilby ting som dei blir glade for å kunne låne, seier romerikingen. Han har busett seg i Høre, etter å ha budd dei siste åra i Gudbrandsdalen.
Allsidig bakgrunn
Are har dei siste åra jobba som bibliotekar og formidlar på Lom bibliotek. Men det var interessa for gamle tømmerbygningar som brakte han til Lom, då han fikk jobb i lafte- og restaureringsbedrifta Stokk & Stein. – Eg er veldig interessert i restaurering, det å bevare gamle tømmerbygningar som ein del av Norge sin kulturarv.
Før dette jobba Are mange år i platebransjen i Oslo. Men etter kvart brakte kjærleiken til teikneseriar og formidling han inn i biblioteksverda. Denne erfaringa tar han også med seg til Valdres, og fleire av biblioteka har han no på tilkallingslista. I Vang har biblioteksjef Marianne Riste også planar om å nytte kompetansen til både Are og ein annan nytilflytta teikneserieentusiast, Alexander Haugelien, til å skape ny giv kring dette mediet neste sesong.
Ope for alle
Gjennom jobben i Lom bibliotek, og også som aktiv i Lom friviljugsentral, har Are god erfaring med å jobbe både med born og unge, fleirspråklege, og generelt folk flest. Dette kjem godt med i BUA, som skal vere ein open og tilgjengeleg ressurs for absolutt alle som ønskjer å prøve ein ny aktivitet, eller teste nytt utstyr før dei evt kjøper seg noko sjølv.
-Vi håper verkeleg vi klarer å etablere eit tilbod som bygdefolket vil bruke. Målet er å bidra til å få folk ut i aktivitet, og skape leik og friluftsglede. At alle som har lyst til å gå på tur eller prøve seg på nye aktivitetar skal ha mogelegheit, uavhengig av ressursar eller erfaring. Og at ikkje alle skal måtte kjøpe dyrt utstyr som ein berre nyttar 2 gonger i livet, som vi heller kan dele på! Difor skal vi også ha litt verktøy og anna praktisk utstyr til utlån.
Draumen om Vang
At Are hamna i Vang er ikkje tilfeldig. Med hytte på Langehage ved Syndin har han vore mykje i Vang heile livet, og har lenge hatt ein draum om å kunne busette seg her. – No har eg endeleg flytta til bygda i mitt hjarte!
Dagleg leiar i frivilligsentralen Marte Tangen er veldig fornøgd med å få Are med i verksemda. – Are er akkurat ein slik medarbeidar vi ønska oss i denne stillinga – ein positiv og sjølvgåande person, som både er praktisk anlagt og flink til å jobbe med folk. Eg har stor tru på at BUA vil bli ein open og imøtekomande utlånsbank med Are på laget!
Nye aktivitetar?
Det er framleis mykje som står att før BUA Vang kan opne. Det skal snekrast interiør, dei tilsette skal sette seg inn i utlånssystemet, dei må lande opningstider og rutinar. Men ein del utstyr er allereie på plass; ski, akematter, sekkar, soveposar, og onefoot’s er noko av det som snart er klart for å bli tatt i bruk.
Til sommmaren skal mellom anna syklar, sparkesyklar, telt og hengekøyer på plass. Og kanskje kan det på sikt kome til nokon heilt nye tilbod i aktivitetsfloraen i Vang? Are har nemleg stor interesse for diskgolf. – Eg lagde diskgolkklubb og bygde bane i Lom. Om det skulle vise seg at det finst fleire eldsjeler i Vang så kan det kanskje vere mogeleg å få til noko liknande her også? Og om det er andre som har draumar og ønskjer for nye aktivitetar og nytt utstyr, så er det berre å kome med innspel, avsluttar den nye medarbeidaren i BUA Vang.
Del på:
-
Generasjonstreff med babysang
Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.
-
Programmet for frivilligmarknaden er klart
På laurdag 9. november brakar det laus i Vangshallen når frivillige lag skal vise fram alle dei flotte aktivitetane du kan delta på i Vang!
-
Haustprogrammet for november og desember er lansert
Vi har mykje spanande på plakaten dei siste to månadene i 2024!
-
Politikarpraten #6
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 11. november kl 16.30-17.30.