-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Vi søker ein ny medarbeidar!
Det er ledig 20 % stilling ved Vang frivilligsentral, i ein 2-årsperiode. Stillinga er eit vikariat for dagleg leiar som skal ha deltidspermisjon.Er du ein løsningsorientert, strukturert og sjølvstendig person som vil vere med å jobbe med BUA Vang – utstyrssentralen som skal opne denne vinteren? Oppgåvene vil vere å bidra i administrasjon av dagleg drift, utlån, marknadsføre tilbodet og skape aktivitetar med aktuelle målgrupper. BUA vil i hovudsal låne ut friluftsutstyr, men også verktøy og andre artiklar.
Her finn du annonsa, med lenke til søkjarportalen: https://82029.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4304097263?language=nn&link_source_id=0&showExpired=False
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!