-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Haustprogrammet er klart!
Med smittevernreglar og strenge plassrestriksjonar inviterer vi igjen til ei rekke arrangement og aktivitetar. I haust kan det bli fullt på enkelte arrangement, så vil du sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på på førehand. Vi fører deltakarlister på alle arrangementa, og er det plass kan du møte opp i døra.Vi startar med ei utandørs vandreforestilling i høve avslutninga av årets sommarles. Meir moro for ungane blir det også i haustferien, med eit kunst-og forteljarverkstad.
Det blir tre litterære kveldar på seinhausten, då får vi besøk av forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold, i samtale med Kirsti Baggethun. Litteraturformidlarar frå fylkesbiblioteket kjem med sine Lesegleder, og det blir tradisjonsrik bokkveld med utdeling av positivprisen.
Julie Forchhammer kuraterer to kveldar for oss i haust – ein samtale om mat med kokebokforfattar Mia Frogner, forleggjar Lennart Krohn-Hansen, Nationen-journalist Hilde Lysengen Havro og lokale matprodusentar, samt ein samtale og minikonsert med artist, forfattar og aktivist Moddi.
Valdres sopp- og nyttevekstforening inviterer til sopptur og soppkontroll, og Valdresmusea byr på kurs i søknadsskriving for restaureringstiltak. I samarbeid med Innovangsjon inviterer frivilligsentralen til ‘pøbbprat og problemløysing’ på Mjøsvang kafé med tittelen Kva vil du med Vang.
Vi er allereie i gong med vår nye møteplass Niste med noko attåt kvar måndag kl 11.30, og norsktimen med Elisabeth Sparstad onsdagar kl 12. Neste veke startar lekseklubben opp igjen, tysdagar kl 15.30. Lesesirkelen er aktiv og lanserer sine datoar frå møte til møte, og så snart vi er klare så lovar vi ei heidundrandes opning av BUA Vang! Følg med følg med – og velkomen til oss J
Programmet kan du laste ned her: haustprogram 2020
Ønskjer du oppdateringar undervegs? Meld deg på vårt nyheitsbrev.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!