-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
Vil du sy smittefrakkar?
Også i Vang er det no eit auka behov for smittevernutstyr, som til dømes smittefrakkar. No er stoff og mønster på plass, og vi er på jakt etter frivillige med symaskin og syferdigheiter!Eit par drivne sydamer er allereie i sving, men dette er ei stor oppgåve og vi vil gjerne ha mange frivillige til å bidra. Marit Gjærdingen på Lund arbeidsbase er primus motor for oppdraget, og kontaktperson for dei frivillige.
- Det har vore ei utfordring å få tak i godkjent stoff, men no har vi heldigvis fått dette på plass. Vi klipper stoffet på Lund, og kokar det så det får riktig tettheit. Så sorterer vi det i pakkar til tre og tre frakkar, som dei frivillige kan hente utanfor etter avtale, seier Marit.
Ho ønskjer kontakt med frivillige som har symaskin sjølv og kan jobbe heimanfrå, så det blir minst mogeleg oppsamling av folk. Dei ferdige frakkane leverast tilbake i posar på Lund.
Har du ei symaskin og litt eller mykje tid til overs? Vil du bidra i dugnaden for å bekjempe koronapandemien? Ta kontakt med Marit på marit.gjerdingen@vang.kommune.no eller 90 10 66 17! J
Del på:
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!