-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Stengt - men tilgjengeleg!
I samråd med kommuneleiinga er no Vang folkebibliotek og Vang Frivilligsentral stengt. Dette gjeld all planlagt aktivitet, førebels fram til 26. mars.Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart, og vi er tilgjengelege på e-post frivilligsentralen@vang.kommune.no og telefon 46 81 64 73 om nokon har spørsmål.
Vi jobbar med å avklare kva vi kan tilby av frivillige tenester i denne spesielle perioden. Ta gjerne kontakt om du har behov, eller veit om andre som treng hjelp til noko!! Det vil vere til god hjelp for oss å få innspel på kva slags behov folk har - og så kjem vi tilbake med meir info så snart vi har ein plan.
Biblioteket ber også om at folk førebels ikkje leverer tilbake bøker de har lånt. Det vert heller ikkje sendt ut purringar.
Helsedirektoratet har også lagt ned forbud mot kulturarrangement og idrettsaktivitet både ute og innandørs i same periode. Info er sendt pr e-post til alle frivillige lag.
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!